Luster kommune bygde i 2010 ein moderne ambulansestasjon etter krav frå Helse Førde, tilpassa 2 bilar og gode fasilitetar for dei tilsette. Me var med dei første og beste med dette i fylket og finn det urimeleg at dette no skal byggjast ned. Med flytting av bilen vert fagmiljøet svekka, kompetanse går tapt og ressursane her lokalt vert dårleg utnytta. At ev. gevinst ved flytting skal oppvega dette tvilar me på.

Det er viktig at innbyggjarane opplever ei ambulanseteneste som nær og trygg. Sogneregionen er vidstrakt, og Luster er vidstrakt, med store avstandar. Fjorden deler kommunar og det er lang avstand til sjukehus for store delar av regionen. Regionen får  mangedobla befolkningsgrunnlag i feriemånadane og Luster er ein stor reiselivs-kommune. Dette tilseier at sågar dagens beredskap er sårbar. At denne no skal bli ytterlegare svekka skapar uro. Det er stor uro for at flytting av dagbilen vil gje auka responstid og langt fleire samtidige konfliktar i høve ambulansetilbodet. For våre innbyggarar er nærleik til akutthjelp svært viktig og må oppretthaldast.

Luster kommune har og meldt desse synspunkta i høyringsrunden, men ber om at saka vert vurdert på nytt og at varsla prøveperiode ikkje vert gjennomført.
Luster kommune er sterkt i mot denne endringa og krev at dagens ordning vert vidareført.

Med helsing
Ivar Kvalen

ordførar