Hjelp oss å ta framtidsretta steg – send og motta posten din på ein trygg måte

eDialog

Mange sender informasjon eller dokument til kommunen via e-post. E-post kan vere ein usikker kanal og me oppmodar derfor til ikkje å sende fødselsnummer, helseopplysningar eller anna fortruleg informasjon på e-post, men heller nytte eDialog. Ved å bruke tenesta eDialog, opnar Luster kommune for at du kan sende inn dokument via ein sikker kanal. Me vonar at både privatpersonar og verksemder nytter høvet til å sende dokument trygt inn til oss! Tenesta er godt egna til å sende inn dokument som ikkje er offentlege til Luster kommune. Kanalen er kryptert og du må autentisere deg ved hjelp av ID-porten. Du finn meir informasjon om korleis du nyttar eDialog under Kontakt oss på heimesida til kommunen.

Digital postkasse

Luster kommune sender mykje post digitalt. Målet er å auka effektiviteten i sakshandsaminga, redusere papirforbruk, redusere CO2-utslepp knytt til transport, og å minska kostnadane. Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og opprett di digital postkasse! Med ei slik postkasse får du post frå kommunen og andre offentlege instansar kjappare, digitalt, trygt og alltid tilgjengeleg. 

Nokre av fordelane ved å opprette personleg, digital postkasse:

  • Det er gratis å bruka.
  • Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder. 
  • Du får breva der du er – tilgang til posten over heile verda.
  • Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.
  • Du får breva med ein gong og slepp å vente på postgangen.

Du opprettar digital postkasse på nettsida www.norge.no under Velg digital postkasse. Ta gjerne kontakt med sørvistorget om du ynskjer hjelp til dette.

Du som alt har oppretta digital postkasse - hugsar du å opne den?

Me ser at det er fleire elektroniske dokument me har sendt som mottakar ikkje har opna. Me oppmodar deg som har digital postkasse om å opne breva du får tilsendt digitalt.

Når du får brev i di digitale postkasse, får du varsel på e-post eller SMS. Du får ikkje posten på papir, og er med på å bidra til mindre utslepp, svinn, tidsbruk og kostnadar for både dei som sender posten og deg sjølv.

Dersom du mottek posten din i Altinn, og ikkje opnar den i løpet av 40 timar, kjem den på papir i postkassa di.