Byggefeltet Kvitevollen vart regulert i 2009. Feltet har åtte nye tomter og ei eksisterande tomt (tomt 1). Tomtestorleiken varierer frå knappe 700 m2 til 1000 m2. Feltet ligg flott til ca. 20 m over havet med utsyn over Lustrafjorden og bygdesenteret Luster med Dale kyrkje. Feltet vender mot sør-aust og har lang solgang om sommaren og sol heile året.

Feltet ligg i gangavstand og har gangveg til butikk, bakeri, barnehage og skule. Frå øvste tomta i feltet er det 350 m å gå til butikk og busshaldeplass, 400 m til bakeri, 700 m til barnehage og 750 m til skule. Feltet ligg ca. 15 km frå kommunesenteret Gaupne, 27 km frå Turtagrø som er innfallsporten til Sognefjellet og 42 km frå Sogndal.

Pris på tomt 2, 3, 8 og 9: kr 544 870,-

Pris på tomt nr 4: kr 492 340,-

Kvitevollen-nummer.jpg

Ledige tomter i feltet

Tomt 2   Tomt 3   Tomt 4  

Tomt 8   Tomt 9

Kvitevollen-1.jpg

Kvitevollen-2.jpg