Om Luster oppvekstsenter

Luster oppvekstsenter har elevar i 1.-7.trinn, og dei er fordelt på tre klassar. Skuleåret 2023-2024 har me 47 elevar. Vår barnehage har for tida 48 plassar med 34 barn fordelt på 3 avdelingar. Fokusområde hjå oss er inkluderande leikemiljø, elevmedverknad, fysisk og psykisk helse samt friluftsliv. Det er ca 25 tilsette ved oppvekstsenteret, ca.9 av dei i skulen og resten i barnehagen.

Oppvekstsenteret ligg flott til mellom omsorgssenter, camping, daglegvarebutikkar og Dale kyrkje ved Lustrafjorden. Me har fleire fine turområde nær oss, eit godt og triveleg fagmiljø og me er opptekne av barn sine rettar og høve til utvikling. 

 

Vår visjon:
Luster oppvekstsenter - ein god stad å vere, leike og lære.

Skulemiljø

Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette har alle tilsette på skulen ansvar for.

§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjera, og reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Skulen si aktivitetsplikt skal sikra elevane eit trygt og godt skulemiljø. Aktivitetsplikta har desse delpliktene:

1. Plikt til å følgja med

2. Plikt til å gripa inn

3. Plikt til å varsla

4. Plikt til å undersøkja

5. Plikt til å setja inn tiltak (aktivitetsplan)

Når du melder frå om at ein elev ikkje har det trygt og godt, skal skulen undersøkja saka, lytta til eleven, samarbeida med føresette og setja inn tiltak når det er behov for det (aktivitetsplan). 

Ta kontakt med skulen; kontaktlærar eller rektor, dersom du opplever at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Du kan også kontakta helsestasjonen på telefonnummer 57 68 56 05.

Statsforvaltaren i Vestland
Dersom elev eller føresette seier frå om at eleven ikkje har det bra på skulen, må skulen laga ein skriftleg plan (aktivitetsplan) som seier kva som skal skje for at eleven skal få det trygt og godt. Denne planen har føresette høve til å påverka. Dersom det ikkje har skjedd noko innan ei veke, kan eleven eller føresette kontakta Statsforvaltaren, som vurderer om skulen har gjort det den skal.  

Informasjon frå Statsforvaltaren i Vestland

Ein trygg skuledag utan mobbing

Mobbeombodet i Vestland

Mobbeombodet er eit tilbod til alle barn og unge, og deira foreldre, som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen.

Informasjon om mobbeombodet i Vestland

 

Andre aktuelle nettstader

Utdanningsdirektoratet:
Skolemiljø
Mobbing og mistrivsel – kva skal skolen gjera?
Nullmobbing (nullmobbing.no)

Senter for IKT i utdanningen si nettside om personvern, nettvett og digital dømmekraft:
http://www.dubestemmer.no/

Råd og utval

Samarbeidsutval (SU) / Skulemiljøutval (SMU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld samarbeidsutval:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Samarbeidsutval (SU): 

  • Ved kvar grunnskule skal det vere eit samarbeidsutval med to representantar for undervisningspersonalet, ein for andre tilsette, to for foreldrerådet, to for elevane og to for kommunen. Den eine av representantane for kommunen skal vere rektor ved skulen. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av teieplikt etter lover eller forskrifter, blir behandla i samarbeidsutvalet.
  • Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

 Medlemmer av Samarbeidsutvalet 2023/24:

  • Representantar frå FAU:​  Monica Ugulsvik-Aasen, Sandra Saur Bukve, Eirin H. Storvoll, Heidi Listou
  • Representantar frå Elevrådet:  Ellisiv Olsen Sjøthun, Thea Listou
  • Representantar frå undervisingspersonalet: ​​ Anita Hundere og May Grethe Lerum
  • Representant frå øvrige tilsette:  Marit Fuhr og Solveig K. Farestveit
  • Representant frå kommunestyret:  Svein Tore Heltne
  • Ekstra representantar i skulemiljøutvalet: …….(FAU) og …….(Elevrådet) Kva meiner de her??? Fjerne?

Foreldrerådets arbeidsutval (FAU)

Opplæringslova har eit eige kapittel (kapittel 11) om brukarmedverknad i skulen. Under finn du utdrag frå opplæringslova når det gjeld FAU:
Om du vil lese heile kapittel 11 i opplæringslova klikkar du på denne lenkja (Lovdata)

Foreldreråd (FAU):

  • På kvar grunnskule skal det vere eit foreldreråd der alle foreldre som har barn i skulen, er medlemmer.
  • Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skulemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skulen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skulen og lokalsamfunnet.
  • Foreldrerådet vel eit arbeidsutval. Arbeidsutvalet vel to representantar med personlege vararepresentantar til samarbeidsutvalet. Leiaren for arbeidsutvalet skal vere den eine av representantane.

Foreldregruppa i kvar klasse vel ein foreldrekontakt for kvart trinn og ein vara for denne. Me vel i 1. og 2.trinn, deretter 4.trinn og 6.trinn (foreldrekontaktane sit i 2 år). Foreldrekontaktane er tillitsvalde foreldre i klassen og har som oppgåve å vere felles kontaktledd mellom foreldre/føresette og lærar/ skule. FAU ved Luster oppvekstsenter består av alle foreldrekontaktane frå 1. - 7. trinn og våre tre barnehageavdelingar. FAU møtes fleire gonger i løpet av skuleåret for å jobbe med saker som vedkjem samarbeidet mellom heim/ skule og andre saker som kan betre situasjonen for borna våre. FAU vel eit styre. Frå dette styret møter leiar og nestleiar i samarbeidsutvalet (SU) for Luster oppvekstsenter.

FAU skuleåret 2023/24:

  • Leiar:
    Monica Ugulsvik-Aasen, foreldrekontakt 1.trinn (me har 3 klassegrupper og 7 trinn)
  • Nestleiar:
    Sandra Saur Bukve, foreldrekontakt Løvetann
  • Skrivar:
    Eirin H. Storvoll, foreldrekontakt Blåklokke
  • Kasserar:
    Guy Steffen Brun, foreldrekontakt 2.trinn
  • Medlemer:
    Anne Britt Kjærvik, foreldrekontakt Søtekruse
    Marianne H. Kalstad, foreldrekontakt 3.trinn
    Kari Ingeborg Bukve, foreldrekontakt 4.trinn

Mona Lisa Åsebø, foreldrekontakt 5.trinn 

Heidi Listou, foreldrekontakt 6.trinn 

Gøril E. Urdahl, foreldrekontakt 7.trinn

Arbeidsoppgåvene for FAU er i hovudsak den praktiske gjennomføringa av jule- og sommarfesten.

Samarbeid med heimen

Samarbeid heim-skule/barnehage
Oppvekstsenteret ønskjer eit tett samarbeid med føresette som er tufta på likeverd og respekt for kvarandre. Det er viktig at ein kommuniserer godt begge vegar. Dersom det skulle oppstå vanskar, vil tidleg og felles innsats som regel løyse problemet.

Alle elevane får utdelt leksemappe i starten av skuleåret der me legg vekeplan og anna viktig informasjon. Det er viktig at foreldra held seg oppdaterte ved å sjå i den. Ranselposten er som regel digital, og blir delt i Visma Flyt Skole. Føresette i barnehagen får tilgang til mykje informasjon ved henting, både munnleg og skriftleg på tavler. I tillegg må alle føresette halde seg oppdatert på dei digitale plattformene våre.


Føresettportalen - Visma Flyt Skule/Visma Flyt Barnehage  
Luster kommune brukar Visma Flyt Skule som skuleadministrativt system. For barnehage nyttar ein tilsvarande system; Visma Flyt Barnehage. Tilsette og føresette kan logga seg inn den tilhøyrande app`en Foresatteportalen og enkelt senda meldingar mellom heim og skule/barnehage. Føresette loggar inn med ID-porten. 
 
Foreldremøte
Oppvekstsenteret har felles foreldremøte i byrjinga av skuleåret. Saker er mellom anna felles reglar og ordensreglement, skulen sine reglar og rutinar, korleis ein arbeider med læringsmiljø i klassen, elevane sine rettar i høve til opplæringslova kap. §9A, oppvekstsenteret sine satsingsområde og drøftar foreldresamarbeidet i klassen. 1., 2., 4. og 6.trinn har val av foreldrekontakt og vara for denne. Desse er tillitsvalde i klassen og har som oppgåve å vera felles kontaktledd mellom foreldre og lærar/ skule. Foreldrekontaktane i 1. trinn er vald for eitt år, dei andre for to.

Ca veke 16 er det temaforeldremøte for alle. Temaa vil variere kvart år. Deretter vert det presentasjon av eit tema som vert utgangspunkt for eit gruppearbeid. Gruppene er ofte inndelte på førehand, og skal helst vere varierte mellom barnehage og klasstrinn.
 

17.mai-komitè
I Luster er det foreldra til 2. og 6.trinn som er heile bygda sin 17.maikomitè. Dei plar ha sitt fyrste møte i overgangen februar/mars, og ein frå førre års komitè plar vere til stades for å gi den informasjonen som trengs. Overskotet blir delt i to og går til Skuleklubben og 7.trinn sine reisekasser.

 

Utviklingssamtalar
To gonger i året vert føresette invitert til utviklingssamtale/foreldresamtale saman med kontaktlærar eller pedagog på avdelinga. Eleven kan vere med på heile eller deler av utviklingssamtalen. Ein går gjennom barnet/ eleven si faglege og sosiale utvikling. Ein set i fellesskap opp mål for vidare utvikling. Før utviklingssamtalen bør føresette sette seg inn i kva som står under «Vurdering» i VFS.