I nominasjonen til årets kulturpris heiter det :

Kandidaten har gjennom meir enn 30 år vore viktig for formidling av visuell kunst til folk – ikkje berre i kommunen vår, men også i distriktet.

Kandidaten har i alle desse åra vore den som har vald ut kunstnarar og gjort avtaler med desse. Svært mykje fritid har gått med til drifta av galleriet og formidling av kunst.

Det heile starta med ei interesse for kunst og ikkje minst formidling av kunst så tidleg som i slutten på tenåra. Så vart det lyst ut ei stilling som lærar i folkeskulen i 1960-61 - vis av vis Urnes stavkyrkje.

Kandidaten vår lanserte ideen med å starte Galleri Walaker 300 - som vart opna 24. mai 1990.  Dette i samband med slekta sitt 300 års jubileum som drivarar av Gjestgjevarstaden.
Familien hadde då i nokre år drive restaurerings-arbeid på bygningane knytt til hotellet. Særleg den store låven, oppførd med gjenbruk av materialar frå stavkyrkja som stod i bygda, var i dårleg forfatning. Mellom anna av den grunn var det viktig å redde bygninga.

Hermod Nitter Walaker fekk Luster Kommune sin kulturpris i 1991 for dette arbeidet.

For å gjennomføre eit restaurerings arbeid av denne storleiken var det avgjerande å finne eit føremål som bygningane kunne brukast til. Kandidaten vår kom opp med ideen om å bruke lokala til galleri og kunstutstillingar.  I 1990 vart den første kunst-utstillinga opna. Sidan den gongen har det vore fast opplegg med to ut-stillingar kvart år, med verk i frå 8 - 12 kunstnarar kvart år. Slik at vi gjennom desse 30 åra har hatt mogelegheit for å få sjå og oppleve mange lokale, nasjonale og internasjonale kunstnarar.
Her kan me ikkje trekka fram alle, men nemner: Knut Rumohr, Signe Weka, Geir Hjetland og Oddvar Torsheim. Mellom dei nasjonale finn me namn som: Ørnulf Opdahl, Nico Widerberg, Rolf Nerli og Kjell Nupen. Av internasjonale kunstnarar kan me også nemna Robin Brown frå England og skulptøren Kati Casida frå California og USA, – men med røter frå Luster.

For kunstnarane har det å få stille ut i Galleri Walaker 300 vorte motteke med ei glede, og det har vanka komplement som eit fantastisk og eigen-arta Galleri. Mange ynskjer å få koma attende, og enkelte kan skilta med meir enn 3 utstillingar.

Galleriet er eit av dei større og viktige private i distrikts Norge. Det har vore og er ein viktig del av turist-perla Solvorn sine attraksjonar. Det høyrer kanskje med i planane framover at bygda også skal få seg den første skulpturparken.

Kandidaten var også ivreg initiativtakar og med-spelar for å arrangere seminar om filosofen Wittgenstein sitt arbeid og teoriar. Dette seminaret i Solvorn er no inne i sin 10. sesong.I nominasjonen er det understreka at:
kandidaten vår bør få kulturprisen for sin innsats for formidling av visuell kunst i distriktet vårt.

Kulturprisen skal altså ikkje reknast som tilskot til planlagde oppgåver, men som ei påskjønning. Det er med bakgrunn i dette at Luster kommune i år har vedteke å gje kulturprisen til deg Oddlaug Marie Bringe Walaker.