Oppgåvene til badeverten

Rullerande arbeidsoppgåver med fokus på service, tryggleik og reinhald;

  • tilsyn i badeanlegget og monitorvakt
  • dagleg reinhald på heile bygget
  • drift av kafé og resepsjon

Kven er du?

  • Fylt 18 år og ikkje redd for vatn! Må kunne dykka på 4 meter.
  • Sjølvstendig og ha evne til å ta initiativ, men òg fungere godt i team.
  • Positiv og engasjert, samt glad i varierte arbeidsoppgåver.
  • Serviceinnstilt og omgjengeleg, men òg evne til å sette grenser.
  • God munnleg og skriftleg norsk.
  • Gjerne gjennomført livredningskurs, førstehjelpskurs eller hjertestartarkurs, men det er ikkje eit krav. Det blir gitt grundig opplæring.

Deltidsstilling: Vakter laurdag og søndag kvar 3. helg.
Tilkallingsvikar(ar): Kan vera vakter frå kl. 06.00 på morgonen, dagtid, kveld og helg.

I ferie og høgtid vert det høve til ekstra jobb for begge stillingane.
Tiltreding: Snarast for både deltid og tilkallingsvakter. Løn og pensjonsordning i h.h.t. kommunalt avtaleverk. Politiattest vert krevd ved tilsetting.
Send søknad med CV og kopiar av attestar til daglegleiar@lustrabadet.no eller Lustrabadet, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne. Kontaktperson; Dagleg leiar Harriet Frøiland, tlf. 918 57 201.
Søknadsfrist: Snarast!

Nettside: www.lustrabadet.no