Det er 25 år sidan fyrste årgangen kom ut, den gongen med 5 mindre utgåver.
Det har også vore ein periode med påskenummer, sommar- og julenummer.
No har me hatt sommar- og julenummer sidan 2013.
Denne utgåva ber preg av at me som innbyggjarar og kommune har tilpassa oss den spesielle koronasituasjonen me er i.
17. mai vart ein 17. mai utanom det vanlege. Det syner att på framsida av denne utgåva, lokal feiring på Grov i Jostedal og korps i skogen på Skjolden.
Alle tenesteområde bidreg med informasjon til Lustranytt, og Servicetorget samordnar informasjonen før me sender til trykkeri.
Målet er å informere om kommunale tenester, presentere verksemder, aktivitetar som frivillige organiserer og vise mangfaldet her i kommunen.


Lustranytt blir sendt med posten.jpgLustranytt blir sendt med posten.jpgLustranytt blir sendt med posten.jpgLustranytt blir sendt med posten.jpg
Posten v/John Havellen og Jermund Fimreite hentar Lustranytt som skal til 1800 abonnentar utanfor Luster.

 

Lustranytt 25 år_2 - redigert.jpgLustranytt blir sendt med posten.jpgLustranytt 25 år_2 - redigert[1].jpg
Frå høgre: Anita Bjørk Ruud, Ingrid Haukadal, Amalie Forthun Grøthe, Gunnlaug Saur og Erling Bjørnetun håpar de blir fornøgde med den nyaste utgåva av Lustranytt.
Erling Bjørnetun var redaktør i starten av Lustranytt og syner fyrste årgangen, frå 1995.