A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehagen

Månadsbrev for august

Månadsbrev for august.

Den fyrste tida i det nye barnehageåret blir alltid litt prega av ein oppstartsperiode, det er godt for alle å starte året litt rolig etter sommarferien og komme inn i kvardagen att. I år var det eitt nytt barn som starta. Me ynskjer Håkon velkommen i barnehagen og håpar han trivast hjå oss! Me starta barnehageåret med eit prosjekt om kulturminner. Alle barna er ute på tur i nærmiljøet og ser på ulike kulturminner.

Den fyrste tida i det nye barnehageåret blir alltid litt prega av ein oppstartsperiode, det er godt for alle å starte året litt rolig etter sommarferien og komme inn i kvardagen att. I år var det eitt nytt barn som starta. Me ynskjer Håkon velkommen i barnehagen og håpar han trivast hjå oss!

Me starta barnehageåret med eit prosjekt om kulturminner. Dette prosjektet vil me halde fram med gjennom heile året. 3 og 4- åringane har vore på tur til Kvennhuset ved Breheimsenteret. Dei var inne i Kvennhuset og fekk sjå korleis ein malte kornet, og Anne Kristin fortalte. Etterpå gjekk dei litt bort på grandane og leika og åt matpakkene dei hadde med seg. Før det var tid for å reise tilbake til barnehagen fekk alle sjå avdukinga av jostedalsrypa ved breheimsenteret.

Me har òg vore på besøk på Bjørk og fått sett på både stabburet og jordkjellaren som står der oppe. Denne turen gjekk me i to grupper, fyrst 2-åringane og så 3 og 4-åringane seinare i veka.

Etter kvar tur lagar me eit ark med bilete og litt tekst om kvart kulturminne som me laminerar og set inn i ein perm. Denne permen står i garderoben i hylla over bok-kassen, og denne kan de foreldre bla i ein dag de har tid. Me oppdaterar etter kvart som me er på turar.

Heilt i slutten av månaden hadde me varm-mat der me laga ”fisketaco”. Me steikte laks med tacokrydder og fiskekaker med pitabrød. Me hadde forskjellig grønt og ost i skåler så ungane fekk velje sjølve kva dei ville ha ved sida av.  Dette var veldig populært! Oppskrifta er tilgjengelig til dei som ynskjer!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS