Føremålet med reguleringa er uttak og bearbeiding av rasmassar av jord og stein på nordsida av Eidshovden på eit ca 100 da stort område som synt under.

NVE har starta uttak av massar i området i 2019 i samband med reparasjonsarbeid etter skader på elveforbyggingar etter skadeflaumen i 2018. Det er i samband pågåande uttak opparbeidd naudsynleg tilkomstveg frå eksisterande gardsveg. Planarbeidet er vurdert til ikkje å verta fanga opp av verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar. Uttaket er ikkje i samsvar med kommuneplanen.

Sivilingeniør Elias Bolstad gjennomfører planarbeidet for grunneigar Kjell Arvid Nyhus.

Merknader/innspel i samband med varsel om oppstart kan innan 23.03.2020 sendast: Elias Bolstad, Bolstadvegen 121, 6876 Skjolden eller på e-post: elias@bolstad.info

Kart som viser planområdet  

Massetak Eide.jpg

 

Masseuttak Eide graving.jpg