Dose 3 er aktuell for 2 grupper:

  • Gruppe 1: Dei som er organtransplanterte, beinmargstransplanterte dei siste 2 åra, alvorleg eller moderat medfødd immunsvikt, alvorleg nyresvikt stadium 5 eller er i aktiv dialyse, avansert eller ubehandla HIV infeksjon.
  • Gruppe 2: Dette er dei fleste og gjeld dei som brukar immundempande medisinar. Du finn alfabetisk oversikt over desse medisinane her

Alle som treng dose 3 må ringe vår Koronatelefon 906 72 675. Du kan også sende spørsmål til e-postadresse korona@luster.kommune.no (ikkje skriv helseopplysningar). Vi planlegg å vaksinere 29/9. Vi har berre vaksina frå Pfizer.

Vi klarer ikkje å finne dei som skal ha dose 3, derfor må alle sjølve ta ansvar og melde seg på. Er ein i tvil kan ein òg ringje Koronatelefonen.