Luster kommune v/fjelloppsyn Runar Hatlevoll tek prøver av alle vaksne fallvilt på hjortedyr. Det er derfor viktig at jegerane og andre rapporterer om funn av kadaver eller skrantande dyr til oppsynet. Ein oversikt over daude hjortevilt er også viktig med tanke på å fylgje med på bestandsendringar i løpet av vinteren.

Alle dyr som døyr utanom ordinær jakt kallast fallvilt. Dei blir registrert i hjorteviltregisteret. Det omfattar fallvilt av hjortevilt og eit utval av andre artar. Særleg er det viktig å registrere dyr som er påkøyrt i trafikken, for å kunne vurdera kva vegstrekningar som treng sikkerheitstiltak.

Du kan melde ifrå til Runar Hatlevoll på mail runar.hatlevoll@luster.kommune eller ringe vakttelefonen på 90 77 56 56.