Øvinga vil i hovudsak føregå i områda Haukåsen og Hillestadstølen. Det vil vere synleg og høyrbar militær aktivitet heile døgeret.

Skytebana på Hillestadstølen og skyttarhuset vil i øvingstida vere å rekne som militært område. Det same gjeld områda der militært personell ligg i leir i terrenget i Haukåsen.

Øvinga skjer i samarbeid med politiet og Avinor.