Planområdet er utvida i forhold til tidlegare planforslag og er no på om lag 50 daa. Føremålet med planen er å leggja til retta for nye bustadtomter på Tvingeborgneset. Dette er gjort for å imøtekome krav om betre leikeareal frå Statsforvalteren og fylkeskommunen, og vart samstundast sett som ein moglegheit for å «rydda» i gamle planer, og få desse oppdatert til gjeldande lovverk.

Det at planområdet no er utvida til å omfatte eit større areal med fleire etablerte bustader, endrar i liten grad på arealbruk. Ny reguleringsplan er tilpassa eksisterande situasjon der det er avvik mellom gjeldande plan og reel arealbruk. For dei eksisterande bustadane, får det også den konsekvensen at det vert nye føresegner for deira eigedommar.

Plandokument i saka:

Oppsummering av innspel motteke etter varsel om oppstart er inkludert i planomtala.

Har du merknader?

Eventuelle merknader må sendast skriftleg til Luster kommune innan måndag 9. januar 2023. 

Her kan du senda innspel og lesa andre innkomne innspel og dokument i saka 

Ev, send på epost til postmottak@luster.kommune.no eller pr. post til postboks 77, 6866 Gaupne,

 

Har du spørsmål?

Spørsmål knytt til planframlegget kan rettast til Luster kommune v/ planleggjar Nikolai Weum-Andersen, tlf.: 41 66 86 39,e-post: nikolai.weum-andersen@luster.kommune.no.

Tidlegare handsaming: Varsel om oppstart av reguleringsarbeid. Frist for innspel 01.04.22

I samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8, vart det i plan- og forvaltingsutvalet 16/2-2022 gjort vedtak om oppstart av reguleringsarbeid for Sandvikhaugen gbnr 76/2, plan-ID 2022002.  Frist for innspel er 1. april 2022.

Føremålet med planen er å leggje til retta for bustadbygging i samsvar med gjeldande kommune- og reguleringsplan.

Planområdet er på om lag 4 daa, og er lokalisert på Tvingborgneset i Gaupne.

Saksframleg og vedtak i plan- og forvaltning