Luster kommune yter eit tilskot til gardbrukarar i kommunen til kjøp av mjølkekvotar på 30% av kjøpesummen. Øvre grense for tilskot kr 2,50 pr. liter.

Tilskotet vert dekka over næringsfondet og skal utbetalast den einskilde gardbrukar når kommunen har motteke stadfesting om tildelt tilleggskvote og om at kjøp har funne stad.