A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Mørkridsdalen

28.august var fyrste turen til Mørkridsdalen. Dei eldste i barnehagen og alle på skulen var med på turen. I tillegg var Liv og Per Espen med frå Statens Natur Oppsyn, Kjell Einar, Sigfrid og to hestar med på turen. Målet var å bli betre kjende med historia og plantene i landskapsvernområdet.

Per E i alm

Sjølv om vêrmeldingane ikkje var så gode, var alle ved godt mot og klar til tur, då dei kom til oppvekstsenteret. Vel innkomne til Hødnevollen vart det undervisning om hest og kløving. Sigfrid og Kjell Einar viste korleis ein skulle stelle hest og korleis ein la på kløv. Me fekk sjå ulike kløvekassar, kløvesalar og sko, før hestane og me var klar for tur.

Framme på Grasøy, som er ei gammal slåttemark, vart det undervisning om ulike planter som veks på ei slåttemark. Her fekk ungane vere med å rydde skog, slå gras, sette opp ei hes og hesje. Dette var kjempeartig og alle jobba som nokre heltar.

Løypestrengen sin funksjon fekk me og vita meir om. Kjell Einar viste korleis ein laga ei høybør og korleis ein sende høybøra ned løypestrengen. Men dyra åt ikkje berre høy, me fekk høyre om kor viktig almetreet var før. Den vart brukt både som menneskemat og som dyrefor. Elevane smakte på almebark, mange likte den og ville smake fleire gonger. I eit almetre lever det mange ulikedyreartar, så den er særs viktig for skogen sitt biologiske mangfald, altså variasjon i naturen. I tillegg er dei gamle trea som nokre kunstverk, der dei står og strekkjer dei lange armane sine mot himmelen.

Elevane i 5., 6. og 7.klasse fortsette turen til Knivabakkli,der dei skulle overnatte til onsdag. Me andre returnerte til skulen. Sjølv om det vart noko regn, "var alle einige om at det var ein fin tur."

Hesje
Ljå
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS