På grunn av koronasituasjonen er det påmelding til kommuneplanleggar Oliver innan 25.8: 

Oliver.bjorndal@luster.kommune.no | tlf: 57685518

Tema for møtet er den nye samfunnsdelen til kommuneplanen til Luster kommune, som mellom anna skal setje mål for kommunen sitt arbeid med næringsutvikling i eit langsiktig perspektiv. Det er viktig å få innspel frå næringslivet på kva kommunen gjer bra i dag, og kva kommunen bør ha som mål å bli betre på.

I tida framover vil bedriftene i Luster møte nye utfordringar, men og få nye mulegheiter. Digitalisering, klima og miljø, internasjonalisering, regional utvikling osv. er nokre stikkord for endringar framover som påverkar utviklinga.

Kommunen skal vere ein støttespelar slik at næringslivet kan utvikle seg. Luster kommune har tradisjon for å nytte ressursar på næringslivet/næringsutvikling. Bør Luster kommune gjere endringar i måten ressursane vert nytta på? Korleis bør me jobbe for å hjelpe næringslivet i kommunen til å nytte nye mulegheiter, eller omstille seg når det er naudsynt?

Korleis skal me jobbe for å rekruttere rett kompetanse til næringslivet? Korleis skape bulyst og få til godt samarbeid mellom kommune og næringsliv. Dette er også tema som er relevante å ta opp.

I møtet vert det informasjon om: næringsarbeidet i kommunen, kommuneplanarbeidet og dei overordna målsetjingane for kommunen. Deretter vil det bli diskusjon, og høve til å komme med innspel til kommuneplanen.

Frukosten står klar frå kl 08.00, og vil stå til ca kl 09. Luster kommune spanderer.

Vedlegg:

Grunnlag for handsaming av næringssaker

Planprogram for kommuneplanens samfunnsdel

Kven er med:

Kommuneplanleggar Oliver Bjørndal, næringssjef Olav Grov, plansjef Knut Vidar Svanheld