Nasjonale styresmakter har komme med ei rad tiltak for å lette situasjonen for næringslivet. Dette er tiltak som truleg og vil endre seg framover. Bedriftene vil kunne orientere seg om desse tiltaka ved å fylgje med på ma www.regjeringen.no. Mange verksemder er og medlemmer i bransjeorganisasjonar som gjev god informasjon.

Mange verksemder vil få store likvide problem framover.

Det vert no etablert ein statleg lånegaranti for banklån særleg retta mot små og mellomstore bedrifter. Dette omfattar nye lån til bedrifter som bankane meiner vil vere lønsame framover etter pandemien er over. Staten vil garantere for ein større del av desse låna. Ordninga får i fyrste omgang ei ramme på 50 milliardar kroner. Dei verksemdene som treng ekstra likviditet no framover, må ta kontakt med sitt banksamband.

Dei verksemdene som har lån hjå Innovasjon Norge kan ta kontakt med IN og søkje om avdragsutsetjing.

Fleire bedrifter i Luster kommune har lån i kommunen sit næringsfond. Dei bedriftene som får likviditetsproblem kan sende ein epost til postmottak@luster.kommune.no og forklare situasjonen og søkje om avdrags- og renteutsetjing.

Frist for innbetaling av eigedomsskatt frå næring med skattesats 7 promille (gjeld ikkje kraftverk) til Luster kommune vert førebels utsett til 15.08.20.

Det vil vere mykje som er usikkert framover. Alt tyder på at dette er ein situasjon som vil vare relativt lenge. Luster kommune har no primært fokus på liv og helse til innbyggjarane, men vi ynskjer å ha så god kontakt som nødvendig med bedriftene i kommunen, på telefon og epost.

Luster kommune oppmodar og alle bedrifter om å fylgje styresmaktene sine påbod og råd for å hindre smittespreiing.