Nedgravde bosdunkar på Verket 2

Det er sett på plass nedgravde bossløysingar som gjeld kun for bebuarane på Verket 2, i Gaupne sentrum. Simas opplyser at dei sendte ut brev og brikke til eigarane fredag 2.november. Biokorg, bioposar og plastruller vert levert ut til bebuarane no onsdag 7.11. 2018. Nederste bossløysing i feltet, mot Verket 1, vil bli opna i løpet av denne veka. Det blir då mogleg for dei som har flytta inn i leilegheitene/husa sine å kaste sortert boss. Det er eigne punkt for våtorganisk (matavfall), papp- og papir og restavfall.

SIMAS ynskjer å få til ei ny løysing når det gjeld levering av plast, men inntil vidare vil det vere som dagens ordning. 

Eigarane må følgje med på når det er tømming av plast i deira sone og sette ut plastsekk ved nedgravd avfallsløysing.
Ein leverer plast samstundes som det er henting av papp/papiri området. Området høyrer til rute 509.

Spørsmål om ordningen skal rettast til Simas; post@simas.no eller tlf. 57 67 69 94 / 57 67 69 84.