Kven passar dette for?
Programmet er for deltakarar tilhøyrande Sogn og Fjordane som ønskjer å utvikla eiga verksemd. 
Du kan arbeide frå heimekontor og likevel få samhandle med andre.

I løpet av programmet blir du introdusert til:
*   ein praktisk og steg-for-steg basert metode for å utvikla entreprenørskapsprosjekt
*   ein digital lære- og arbeidsplattform der du kan arbeida med prosjektet i ditt tempo
*   rettleiarar og næringsaktørar i Sogn og Fjordane som kan hjelpa deg å utvikla ideen din

Programmet går over 9 nettbaserte samlingar frå 7. til 26.april. 
Mellom samlingane er det venta at du arbeider med å utvikla prosjektet ditt. Du får individuell oppfølging frå ein av våre rådgjevarar.
S-E-A-M, metoden som nyttas i programmet er utvikla ved NTNU i samarbeid med Entreprenerdy

Kva seier folk om programmet?
«Veldig grundig, men pedagogisk opplegg. Har gleda meg til kvar samling!:)»
«Veldig profesjonelt opplegg - den nettbaserte plattformen for utvikling av ideen er veldig bra.»
«Eg har fått eit nytt og spennande nettverk. God oppbygging fagleg med litt info i forkant på onlinesamlingane, så oppgåver til neste samling og gjennomgang på neste samling. Alt i alt eit veldig bra og matnyttig kurs.»
«Kan verkelig anbefale etablerarkurset i regi av Vestland Fylkeskommune og Entreprenerdy. Kan sei at det ikkje var som forventa - det var betre!»


Meld deg på programmet her

 

Det er avgrensa tal plassar og det er førstemann til mølla!