Området er særleg godt eigna for å studera korleis isen endrar landskapet under seg, og den langsame prosessen når nytt planteliv skal etablera seg i steinlandskapet som vert blottlagt når breen trekkjer seg attende.

For å koma til Nigardsbreen køyrer du ca 37 km frå kommunesenteret Gaupne opp gjennom Jostedalen. Staden er godt skilta. På turen er du velkommen innom Breheimsenteret, med aktivitetar og informasjon om Jostedalsbreen og Nigardsbreen. 

Ein tur inn til brefronten kan by på sjeldsynte naturopplevingar, men ver forsiktig: Breen er i stadig rørsle. Store isblokker som losnar, demningar som brest og utløyser flaumbølgjer og steinsprang frå fjellsidene er spanande å oppleva på trygg avstand, men kan vera svært farleg om ein er for nær. Dersom du vil opp på sjølve breen, tilrår me at du nyttar lokalkjend breførar som er å treffa på parkeringsplassen ved vegenden (sommarstid) eller på Breheimsenteret. Om sommaren kan du få båtskyss på Nigardsvatnet, alternativt gå til fots inn til breen på eiga hand. Me oppmodar deg då til å halda deg til merka sti og respektera skilting/sperringar.

Smeltevasskanalane dannar gjerne grotter som ein kan gå inn i vinterstid. Det er mogleg å gå på eiga hand, men guida turar er å tilrå med omsyn både til tryggleiken og utbytet av turen elles.

Verneforskrifta