Regjeringa varsla på pressekonferanse 12. november (regjeringen.no) at dei vil innføre:

  • plikt for uvaksinerte om å teste seg dersom dei bur saman med ein smitta (gjeld frå 17. november)
  • anbefaling for vaksinerte om å teste seg dersom dei bur saman med ein smitta
  • retningsliner for testing og bruk av munnbind for uvaksinert helsepersonell
  • mogligheit for kommunar til å vedta lokal bruk av koronasertifikat

Luster kommune har frå før kravd at uvaksinert helsepersonell skal nytte munnbind og i tillegg bruke antigen hurtigtest 2 gonger pr veke for å fange opp mogleg smitte.