Kva er skulen sitt ansvar?

Skulen har ein aktivitetsplikt.  Rektor, lærarar og andre tilsette skal jobbe for at alle elevane har det bra på skulen. Dei har plikt til å fylgje med på dette. Alle tilsette på skulen skal varsle rektor viss dei trur eller veit at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. Skolen skal då straks undersøke saka. I alvorlige tilfelle skal kommunen (skuleeigar) varslast. Dersom ein tilsett ved skulen trur eller har sett at ein vaksen krenkar ein elev, skal saken straks meldast til rektor, og rektor skal varsle kommunen (skuleeigar).

Skulen sine tilsette har plikt til å gripe inn mot krenkande ord eller handlingar, slik som mobbing, diskriminering, vald eller rasisme.

Dersom det er bruk for å sette inn tiltak for å sikre eleven sitt skulemiljø, skal skulen lage ein skriftleg handlings-/aktivitetsplan. Planen skal vise kva skulen vil gjere og kvifor. Skulen skal sørge for at involverte elevar blir høyrde, og barnets beste skal alltid vere eit grunnleggjande hensyn i skulen sitt arbeid.

Kva kan de gjere hvis barnet dykkar ikkje har eit trygt og godt skulemiljø?
Ta kontakt med skulen så fort som mogeleg. De kan snakke med kontaktlærar, eller ta kontakt direkte med rektor. Forklar kva saka handlar om, og be om at skulen gjer noko for at eleven skal få det betre. 

Melde sak til Fylkesmannen
Dersom de meiner at skulen ikkje har oppfylt aktivitetsplikta si i ei sak som gjeld dykkar barn, kan de melde saken til Fylkesmannen. Før de melder til Fylkesmannen må de ha teke opp saken med rektor, og det må ha gått minst ei veke frå saka blei teke opp, slik at rektor og skulen har ein mogelegheit til å gjere si vurdering og setje inn tiltak.  Er det heilt spesielle tilfelle, kan du uansett ta kontakt med Fylkesmannen.

Ein eventuell klage bør vere skriftleg og begrunna og konkretisere kva de som foreldre er misnøgde med når det gjeld skulen si behandling av saka.

Hvis fylkesmannen kjem til at skulen ikkje har oppfylt aktivitetsplikta si, kan fylkesmannen i eit enkeltvedtak bestemme kva skulen må gjere for å sørge for at eleven får eit godt og trygt skulemiljø.

Er de som foreldre ikkje nøgde med enkeltvedtaket, kan de klage til Utdanningsdirektoratet.