Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
30. sep. 2021 kl. 14:41

Koronaviruset / Corona disease - information

Her finn du informasjon om smittesituasjonen i kommunen og anna informasjon knytt til koronaviruset.

Les meir...
A A A

Nye tiltak for næringslivet i koronakrisa pr 3.4.20

Publisert
Denne artikkelen er over ett år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

I går 2.4 la Regjeringa fram nye tiltak for næringslivet. Det er no ordninga som er kalla «kontantstønad» som er lagt fram, og vert truleg vedteken i Stortinget i dag den 3.4. Alle detaljar er enno ikkje klare. Ordninga med kontantstønad vil vere aktuell for mange bedrifter. Ordninga er retta mot verksemder som har fått vesentleg fall i omsetninga grunna situasjonen med korona, og vil vere naudhjelp til dei som har faste kostnader dei ikkje kan kvitte seg med.

Verksemdene må sjølve søkje om stønad via ei offentleg digital løysing med automatisk sakshandsaming. Denne er under utarbeiding. Om søknaden vert godkjent, vil ein få pengar rett på konto og pengane skal ikkje betalast attende. Kor mykje av kostnadane ein vil få dekka er enno ikkje avklart, men verksemder som har fått krav om å stenge ned vil få meir enn andre. Ordninga er mellombels. Fleire detaljar om ordninga kjem i løpet av kort tid.

Sjå NHO si orientering om tiltaket

  • Skjema
  • Tenesteomtale
  • Dokument
  • Lenker