Eldredagen 1. oktoberVi minner om at 12. september er siste frist for å melde seg på EldredagenOddgeir Bruaset Aida Studio Oddgeir Bruaset kjem til eldredagen på FjordstovaEldrerådet i samarbeid med Folkeakademiet Luster arrangerer eldredagen onsdag 1. oktober frå kl 14.00 på Fjordstova i Skjolden.Oddgeir Bruaset viser bilete og fortel med utgangspunkt i siste boka si Gjensyn. Du får sjå og høyre korleis det har gått med dei som budde «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Du får også høyre om status i helse- og omsorgsprosjektet og får god servering.Informasjonen blir i salen nede i Fjordstova og serveringa blir i kafeen oppe. Du vel om du vil bruke inngangen nede eller hovudinngangen ved kafeen.PåmeldingDu som er 60 år og eldre og bur i kommunen, kan melde deg på. Me tek imot påmelding i perioden frå 1. september til 12. september kl. 12.00, inntil 150 personar. Meld deg på til Luster kommune, tlf. 57 68 55 00 eller post@luster.kommune.no
Ei viktig stemme og stort engasjement Eldrerådet i Luster har i 2024 vore ei aktiv og synleg stemme for dei eldre i kommunen. Med klare innspel, brei medverknad og høgt engasjement har råd...
Tilgjengeprisen 2025 til Hafslo idrettslag I kommunestyremøtet 10. april vart Tilgjengeprisen 2025 delt ut til Hafslo idrettslag for prosjektet «Idrett for alle». Prisen heidrar eit målretta ar...
Eit råd med gjennomslag Rådet for personar med funksjonsnedsetting i Luster har i 2024 lagt ned eit aktivt og målretta arbeid for eit meir inkluderande lokalsamfunn.Heile 42 ...
Skjermbruk og søvn Ungdommen sitt kommunestyre arrangerte temamøte om skjerm, søvn og fritid den 7. april.
Tilskot til landbruket No kan du søkje om SMIL-midlar, tilskot til ordning for organisert beitebruk, utvalde kulturlandskap i landbruket og drenering/grøfting av jordbruksjo...
Politiske møte i veke 14 Formannskapet og plan- og forvaltningsutvalet har møte på rådhuset i veke 14.
Utsett fakturering kommunale avgifter Kommunale avgifter vert fakturert 2 gonger i året, i mars og august. Det er fremja forslag om at mva for vatn og avløp vert redusert frå 25% til 15% m...
Sjå opptak av formannskapet Onsdag 19. mars var det møte i formannskapet og du kan sjå opptak av sendinga på kommune-TV.
Jon er på plass I dag starta Jon Bolstad, vår nye kommunedirektør. Han tek over for rådmann Jarle Skartun som no har pensjonert seg.