Eldredagen 1. oktoberVi minner om at 12. september er siste frist for å melde seg på EldredagenOddgeir Bruaset Aida Studio Oddgeir Bruaset kjem til eldredagen på FjordstovaEldrerådet i samarbeid med Folkeakademiet Luster arrangerer eldredagen onsdag 1. oktober frå kl 14.00 på Fjordstova i Skjolden.Oddgeir Bruaset viser bilete og fortel med utgangspunkt i siste boka si Gjensyn. Du får sjå og høyre korleis det har gått med dei som budde «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Du får også høyre om status i helse- og omsorgsprosjektet og får god servering.Informasjonen blir i salen nede i Fjordstova og serveringa blir i kafeen oppe. Du vel om du vil bruke inngangen nede eller hovudinngangen ved kafeen.PåmeldingDu som er 60 år og eldre og bur i kommunen, kan melde deg på. Me tek imot påmelding i perioden frå 1. september til 12. september kl. 12.00, inntil 150 personar. Meld deg på til Luster kommune, tlf. 57 68 55 00 eller post@luster.kommune.no
Tilskot til kulturbygg Du kan no søkje om tilskot. Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.
Møte i veke 9 Tidlegbrøyting på Sognefjellet, vedtekter for barnehage og SFO, næringssaker og medlemar i viltutvalet. Dette er nokre av sakene på dagsorden.
Kaste klede og tekstil? Frå 2025 er alle kommunar i Noreg pålagd å legge til rette for utsortering av tekstilar. Det er lagt til rette på miljøstasjonane.
Ny fagarbeider - gratulera! I dag har Hans Kristian Midtun Aaberge bestått fagprøven i Barne- og ungdomsarbeiderfaget i Gamlestova barnehage.
Innsamling av stadnamn Språkrådet lyser ut tilskott til innsamling og registrering av stadnamn. Søknadsfristen er 1. april 2025.
Smådyrklinikk i Gaupne David Rodriguez tilbyr dyrlegetenester til smådyr på smådyrklinikken i Gaupne.
Lærling i Luster kommune Ynskjer du å vere lærling i Luster kommune? Søknadsportalen er no open! Søknadsfrist 1. mars
Kulturtilskot 2025 Luster kommune yter tilskot til ulike kulturelle føremål, allment kulturarbeid - idrett - friluftsliv. Søknadsfrist er 1. mars