Oppdatert farevarsel

Farevarsel og vegstengingar. 

Veg og trafikk

Trykk på vegnamnet for meir informasjon.

Dalsdalsvegen - stengt for tungre køyretøy - Klikk for stort bilete

 

Vegen til Dalsdalen - Klikk for stort bilete

Skule - fredag 07.03

Fredag er det heimeskule for Luster oppvekstsenter då skulebygget ikkje har vatn. Alle andre går som normalt.

Skule - torsdag 06.03

Det vert heimeskule for Gaupne skule, Luster ungdomsskule og Luster oppvekstsenter. Luster vaksenoppæring held stengt. Alle som er råka har fått melding.

Vatn i Luster

Abonnentar ved Dale vassverk i Luster er no utan vatn, mest truleg forårsaka av jordraset ved Oppvekstsenteret. Teknisk drift har ordna slik at Luster omsorgssenteret og eldrebustadane har vatn. Alle andre abonnentar i tettstaden Luster vil ikkje få igjen vatnet før feilen er reparert. Grunna begrensa framkommelegheit kan det ta noko tid. Beklagar ulempene dette medfører.

Det blir køyrt ut vasstankar torsdag formiddag. 

Oppdatering 06.03 - 09:30
Vassverket i Luster er framleis ute av drift. Det vert levert vatn kun til omsorgssenteret. Det blir plassert ut ein drikkevasstank ved Lustrabui og to tankar ved omsorgssenteret. Her kan innbyggarane hente vatn fram til det kommunale nettet fungerer igjen.

Skade på veg eller anna du vil melde frå om?

Send inn melding eller ring teknisk vakt - 48 10 21 20

Kva kan du gjera? 

Sjå aktive varsel fra NVE og MET for Luster

Hald deg vidare oppdatert på køyreforholda og stengte vegar. 

Hald avløp og stikkrenner opne – Fjern lauv, greiner, is og rusk for å unngå vassansamlingar.
Sikre eigedom og lausøyre – Flytt verdifulle gjenstandar vekk frå kjellarar og lågtliggjande område.
Følg med på varsel – Hald deg oppdatert via varsom.no og lokale meldingar frå kommunen.
Unngå køyring i flaumutsette område – Vegar kan bli oversvømde eller ustabile. Vurder om om reisa er naudsynt. 

Ved skade på privat eigedom

(som ein ikkje kan forsikre seg mot gjennom alminneleg privat forsikring)

Statens naturskadeordning