Snart kjem LustranyttNo er årets julenummer av Lustranytt på veg frå trykking og kjem til alle husstandar i Luster kommune og abonnentar i veke 48. Du får små og store glimt frå kommunen – menneske, hendingar og prosjekt som viser breidda i lokalsamfunnet vårt. Eigenberedskap – midtsidebilagetI midten av magasinet finn du eit eige bilag om eigenberedskap, med oversikt over viktige telefonnummer og ei praktisk sjekkliste for kva du bør ha heime. Denne kan du rive ut og ta vare på. To unge bønder – to vegar inn i landbruketI denne utgåva møter du Silje frå Veitastrond, som har teke over familiegarden og driv med mjølkekyr, og Rune frå Skjolden har gått ein annan veg inn i landbruket. Han kjøpte garden for nokre år sidan og satsar på både sau og eple. Nye Hafslo barnehageSjå bilete og les meir om den flotte, nye barnehagen på Hafslo. Eldredagen på FjordstovaMange møtte fram då Oddgeir Bruaset fortalde om “Der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Sjå bilete og les om ein triveleg og inspirerande dag! Gjer det sjølv – raskt og enkeltVisste du at du kan løyse mange oppgåver sjølv på heimesida vår? I Lustranytt får du tips til korleis. Folkehelse i heile kommunenI Lustranytt finn du glimt frå noko av alt som skjer innan folkehelse – frå ungdomsklubb og ferieaktivitetar til Stikk UT! og Stolpejakt. Du kan òg lese om korleis kommunen, frivilligheita og næringslivet samarbeider for å skape Juleglede. Sjå kva som rører seg i oppvekstFleire saker frå skular, barnehagar og oppvekstsenter – både frå administrasjonen og frå kvardagen ute i einingane. Nye ungdomen sitt kommunestyreMøt dei engasjerte ungdommane som no representerer dei unge i Luster i UK. Kjenner du Luster?- 100 meter lang kai - yrkesskulen hadde sine første år her.Dette og mykje meir då du vite når me denne gongen tek turen til Kinsedal, med glimt frå historia og livet der før og no. Kjem i postkassen - veke 48Magasinet er no på veg frå trykkeriet, og i løpet av veke 48 kjem Lustranytt i postkassen til alle husstandar i Luster.Heile magasinet vert òg lagt ut digitalt når utsendinga er i gang.Bestill LustranyttAlle – både i og utanfor kommunen – kan lese magasinet digitalt på heimesida til kommunen. Ynskjer du det tilsendt i papirform?Bestill på post@luster.kommune.no (det er gratis) Vil du sjå tidlegare nummer? Alle nummer frå 2010 ligg ute her.