Matpakke ut året 2020

Barnehagane vidarefører ordninga frå før sommaren når det gjeld matpakke, dvs. at alle barn tek med matpakke. Dette gjeld ut året 2020. Barnehagane syt for frukt og mjølk. Satsen for frukt og mjølk blir justert litt opp då vi ser at satsen har vore litt for låg.

Satsen for kostpengar (frukt og mjølk) frå 1. september til 31. desember 2020 vert då:
100 % plass: 120 kr
80 % plass: 96 kr
60 % plass: 72 kr

Min Barnehage – Foresatte-app

Luster kommune tek i bruk Min Barnehage – Foresatte-app for å gjere kommunikasjonen mellom barnehage og heim enklare. For å laste ned app`en og ta systemet i bruk tilrår me at de ser video og les temaheftet. Om du treng meir informasjon eller hjelp til å laste ned og ta app`en i bruk, ta kontakt med barnehagen din. Dei vil hjelpe deg med å komme i gang.

Informasjonsfilm om Min Barnehage – Foresatte-app

Temahefte Min Barnehage – Foresatte-app