A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

NYTT SFO ÅR

No er me komen godt i gang på SFO. Ungane finn seg godt tl rette på SFO, og byrjar å bli litt kjende med rutinar og oss vaksne som jobbar her. Me har fokus på korleis me skal vere mot kvarandre på SFO, både i leik og ved matbordet.

Me kjem til å vere mykje ute, så gode utekle tilpassa veret er viktig. Bytekle i garderoben bør det og vere, så sjekk garderoben av og til.

Me kjem til å lage varmmat, eller noko ekstra god mat kvar tysdag, og no tysdag (29/8) serverte me fiskegrateng med poteter, pasta, raspa gulrøtter og smelta smør. Veldig populært, så det prøver me igjen seinare.

Dersom de lurer på noko må de berre ta kontakt med personalet på SFO, me svarar på mykje. De får innkalling til foreldremøte om ikkje så lenge.

GOD HELG

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS