Dette vil diverre halda fram til vasstanden for Veitastrondsvatnet er langt over høgste regulerte vasstand (HRV), som er 170,50 meter over havnivå. Det er det varme vêret over lang tid og den ekstreme snø- og issmeltinga som gjer at vi no må gå ut og varsla skadeflaum i Årøyvassdraget.
Klokka 10.00 onsdag 17. juni var vasstanden for Veitastrondsvatnet 170,47 moh, berre 3 centimeter under HRV.

– Vi har tappa med full lukeopning frå Veitastrondsvatnet i fleire månader no, og såleis gjort alt som står i vår makt for å hindra ein situasjon med skadeflaum. Med dei vêrprognosane Meteorologisk intitutt har sendt ut no for dei komande døgera, tyder alt på at det diverre vert flaum i Årøyvassdraget, seier Jacob Hornnes, prosuksjonssjef i Sognekraft.

Kor stor flaumen vil verta er det ikkje sikre prognosar for, men mykje tyder diverre på at Veitastrondvatnet vil nå minst 171,50, som er ein meter over HRV. Viss farevarselet med lokalt styrtregn også skulle koma i nedslagsområdet til vassdraget, kan flaumnivået bli verre enn dette.

– Det er forferdeleg trist for dei som vert råka av flaum. Me har prøvd etter beste evne å hindra denne situasjonen, men no ser det ut for at naturkreftene vert for sterke, seier Hornnes.

Fram til helga ser det ut for at ein greier å halda vasstanden i Hafslovatnet under HRV (168,50), men også her kan det gå mot flaum om den ekstreme smeltinga held fram og det i tillegg kjem store nedbørsmengder på kort tid.