Hafslo-kart-WEB.jpgKvifor me inviterer deg til open kontordag:
Planleggingsprogrammet er eit sentralt kapittel i økonomiplanen for Luster kommune. I planleggingsprogrammet for 2020-2023 står det at det skal utarbeidast ein områdeplan for Hafslo sentrum. Planen skal utarbeidast av konsulent og skal ha oppstart våren 2020 med vedtak i 2021. Planen skal omfatta Hafslo sentrum. Sentrumsutvikling og samordning av ulike tiltak/formål. «Billagstomten» inngår i planarbeidet. Plangrenser og vurderingstema vert fastsett etter nærare vurdering.

Planen har fått plan-ID 2020004. Det vart hausten 2019 søkt Sogn og Fjordane Fylkeskommune om midlar til tettstadforming, stadanalyse og inkluderande medverknad, for Hafslo sentrum. Føremålet med prosjektet er å lage ein stad og landskapsanalyse, gjennomføre inkluderande medverknad som grunnlag for å utvikle Hafslo sentrum, framstille eit godt reiskap og grunnlag til vidare planlegging og områderegulering i Hafslo sentrum, utvikle eit attraktiv sentrum for busetnad og lokal næringsutvikling og inkluderande og utvida medverknadsprosess med innbyggjarar, skule og barnehage, busselskap, næringsdrivarar og andre lokale aktørar. Analysearbeidet skal vere grunnlag for god kommunal tilrettelegging og vidare planlegging. Luster kommune har fått tilskot til dette arbeidet. Tilskotsmidlane vil gå til å få utarbeide ei stadanalyse for Hafslo, få arkitektvurdert «Bilagstomta», ope møte og intervju/innspel frå dei som bur, arbeider eller går på skule på Hafslo og til å fylgje opp stadanalysen. Planen var eit større folkemøte i slutten av mars, men grunna koronautbrotet vert det no i staden for i første omgang ein open kontordag med færre folk til stades samstundes.

Grensene for planen er enno ikkje sett. Desse skal setjast etter denne opne kontordagen der me håpar å få inn mange tankar og meiningar og etter at det er utarbeida ein stadanalyse for Hafslo sentrum. Det skal også utarbeidast planprogram for områdeplanen. Når det er sett grenser for planområdet  vert det bl.a. varsla formell oppstart av planarbeidet med frist for å sende innspel og merknader til planarbeidet.

Dersom du går inn på www.kommunekart.com kan du sjå kva planar som tidlegare er utarbeida for Hafslo. Her finn du både kommuneplan og gjeldande reguleringsplanar. I tillegg finn du mange ulike temakart som viser alt frå ras til registrert friluftsverdi og kommunale eigedommar. Her er link direkte til gjeldande reguleringsplanar i området: https://kommunekart.com/?urlid=d81bb515-9a3c-4419-af0a-15003883eea6