Grunna koronasituasjonen må open kontordag gjennomførast ved at du tingar privat avtale med planleggjar i kommunen som møter deg på Hafslo. Du får 30 min til rådigheit. Her vil vi informere om stadanalysen som er utarbeidet for Hafslo sentrum, arkitektvurdering av billagstomten og den vidare planporsessen. Vidare svarar vi på spørsmål og tek i mot innspel.

Luster kommune vil understreke at me har referat frå førre kontordagen, samt registrert alle merknadane som er kome inn. Dette vert uansett teke med vidare. Samstundes veit me at det var ein del som det ikkje passa for i juni. Me legg opp til å kunne svare på spørsmål om stadanalysen og den arkitektfaglege vurderinga av billagstomten. Desse kjem til å vere tilgjengelege på kommunen si heimeside i forkant, jf. også under.

Møte på dagtid
Dagmøtet vert i tidsrommet kl. 12.30-15.30

Møte på kveldstid
Kveldsmøtet vert i tidsrommet kl. 16.30-19.00

Du kan tinge avtale i tidsrommet med anten planleggjar Inger Handegård tlf. 57 68 55 91, Birgitte Eitrem Landmark tlf. 984 67 380,  eller med plansjef Knut Vidar Svanheld tlf. 57 68 55 07.


Stadanalyse

Det vert med dette lagt fram ein disposisjon for stadanalysen for Hafslo sentrum med ein del tekst og skisser. Denne vert lagt fram som grunnlag for kontordagen 14. desember, og vil vere grunnlag for drøftingane. Skisse for analyse for billagstomten er ikkje klar enno.

Stadanalyse Hafslo 

 

Innspel til planarbeidet kan sendast skriftlig innan 18.12.2020 til:
Luster kommune
Postboks 77
6866 Gaupne
Eller på e-post til: postmottak@luster.kommune.no

Melding om oppstart av planarbeid Plan-id 2020004. Ny frist for innspel til planarbeidet 18.12.2020

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-8 varslar Luster kommune med dette start av områderegulering for Hafslo sentrum. Frist for merknader til planprogram og innspel som gjeld oppstart av områderegulering for Hafslo sentrum vert sett til torsdag 3. desember 2020 (Ny frist: 18.12.20).

Det er utarbeida eit planprogram for planen som plan- og forvaltningsstyret i sak 59/2020 har vedteke lagt ut til offentleg ettersyn, jf PBL § 12-9. Planprogrammet seier noko om prosessen vidare.

Planprogrammet kan du lese her

Saksutgreiing og vedtak av planprogram 

Tettstadanalyse

Luster kommune har over ei periode førebudd arbeid med områderegulering for Hafslo sentrum. Prosessen så langt har vore knytt til avgrensing av planområdet og utarbeiding av planprogram.

Planprogrammet som no er ute til offentleg ettersyn seier noko om prosessen vidare. Planprogrammet skal vedtakast i kommunestyret. Det er vert å merke seg at planprogrammet ikkje gjev nokon form for endeleg vedtak av løysingar, eller er avgjerande på andre måtar. Planprogrammet er eit dokument som legg føringar for korleis det vidare planarbeidet skal gjennomførast, men det har i liten grad føringar for løysingane. Når kommunestyret har vedteke planprogrammet, så er det eit oppdragsdokument frå kommunetyret til administrasjonen for vidare arbeid med områdeplanen.

Utlegging av planprogrammet til høyring og offentleg ettersyn vert gjort saman med varsel om oppstart av planarbeidet. 


Planavgrensing

Omraadeplan-Hafslo bilde web.jpg
Trykk på kartet for å sjå det i større format.

Her er avgrensing av planområdet med flybilete som bakgrunn. Det går fram av planprogrammet kva for vurderingar som er gjort i samband med planavgrensinga. For å sjå planavgrensinga litt betre  trykker du på bildet og får opp kartet i større format. Planavgrensinga er i grove trekk frå og med Prestegarden i vest til grense bustadområdet Botn i aust, nordover til og med Gamlestova barnehage og Bestebakken.

25 juni 2020 hadde Luster kommune ein open kontordag på Hafslo, der me fekk inn ein del tankar og innspel til planen både på og i etterkant av denne kontordagen. Desse vert sjølvsagt også teke med vidare.

Som ein del av prosjektet har Luster kommune leig inn ekstern kompetanse for å sjå på moglege løysingar av bruken av «Billagstomta», samt å gjennomføre ei stadanalyse for Hafslo sentrum. Når dette arbeidet er gjennomført, vil kommunen finne ein måte å presentere dette arbeidet på. Dersom koronasituasjonen tilseier at me kan ha eit ope møte, så vil dette bli i siste halvdelen av november eller tidleg i desember. Let dette seg ikkje gjere, må me finne ein annan måte å presentere arbeidet på. Dette vert annonsert når ein ser kva som kan gjennomførast og me har ein dato og. 

Kommunen kjem dessutan til å gjere ein jobb opp mot elevane ved barne- og ungdomsskulen på Hafslo, for å få synspunkt på korleis dei opplever situasjonen i Hafslo sentrum, både generelt og for deira skulekvardag. 

 

Frist for merknader til planprogrammet og innspel til planarbeidet:

Det er viktig at Luster kommune får kjennskap til alle opplysningar som kan vera viktige for planarbeidet tidleg i planprosessen. Frist for merknader til planprogram og innspel som gjeld oppstart av områderegulering for Hafslo sentrum vert sett til torsdag 3. desember 2020. Merknader og innspel kan sendast skriftleg i brevs form til Luster kommune, Pb 77, 6866 Gaupne eller på e-post til postmottak@luster.kommune.no Du kan også nytte elektronisk høyringsskjema 

Spørsmål til arbeidet kan rettast til:

Inger Handegård: 576 85 591 / inger.handegard@luster.kommune.no

Birgitte Eitrem Landmark: 576 85 586 / birgitte.eitrem.landmark@luster.kommune.no

Knut Vidar Svanheld: 576 85 507 / knut.vidar.svanheld@luster.kommune.no