Tilbodet vert gjeve ved Gaupne og Hafslo omsorgssenter.

På Hafslo vert det gjeve omsorgsplass til personar med hukommelsesvikt.

Omsorgsplass vert tildelt personar med varig funksjonssvikt og omfattande behov for heildøgns helse og omsorgsstenester, og vert vurdert med utgangpunkt i kartlegging av funksjonsnivå.

Dei som har omsorgsplass kan også søkje på følgjande tenester.
Hjelpemiddel
Støttekontakt
Heimehjelp
Heimesjukepleie
Følgjekort
Personleg assistent
Individuell plan

Søk om omsorgsplass her

 


Om du som bur i omsorgsplass har låg inntekt og høge buutgifter, kan du søkje Bustønad
Har du spørsmål i samband med bustønad kan du kontakte servicetorget på Rådhuset, Tlf: 57 68 55 00