Som følgje av at dei nasjonale smitteverntiltaka opnar opp for at barn og unge under 20 år kan trene og delta på fritidsaktivitetar som normalt, både ute og inne, opnar kommunen dei kommunale bygga igjen for utleige.
Kampar, cupar, stemne osv må framleis utsetjast.

Me gjer merksam på dei vanlege smittevernreglane som framleis gjeld:

  • ingen sjuke får delta,
  • deltakarliste
  • handhygiene
  • god hoste/nysehygiene
  • 1m avstand (kan vere unntak når det er nødvendig for aktiviteten)

Storleik på lokalet avgjer deltakartalet.

Dei kommunale bygga er ikkje opne for organisert trening for vaksne, men er opne for møte, samankomstar og arrangement innanfor dei nasjonale retningsliner.
Maks 10 personar der det ikkje er fastmonterte sete.

Idrettshallen i Gaupne

Idrettshallen kan brukast til trening for barn og unge i veke 3, 4, og 5.
Når massevaksinering startar vil det føregå i idrettshallen. Hallen blir då stengt for anna aktivitet. Det vil bli kunngjort.

Nasjonale smitteverntiltak frå 20. januar.

Oversikt over reglar og anbefalingar helsenorge.no