Barnehagane i Luster opnar måndag 20. april i samsvar med råd frå styresmaktene. Den første veka med opne barnehagar, dvs. frå 20.-24. april, vil det vera redusert opningstid – 7,5 timar – for at barnehagane i størst mogleg grad skal kunne etterleva krav til hygiene, smitteverntiltak og små stabile grupper. Klokkesletta for open barnehage kan variera litt i dei ulike krinsane avhengig av geografi og behov hjå føresette. Styrar i barnehage vil senda ut eigen informasjon til føresette i sin krins.

I særskilde høve kan det gjerast unnatak frå kjernetida på 7,5 timar, til dømes for føresette i helse og omsorgsektoren eller for føresette i andre samfunnskritiske funksjonar. Her må det vera god dialog mellom barnehage og dei føresette om praktiske løysingar.

Inntil vidare, dvs. frå 20.-30. april, vil det vera redusert opningstid 

Matpakke første veka
Alle barn tek med matpakke denne fyrste veka. Unnataket er Gaupne barnehage som har industrikjøken og eigen tilsett som kun har dette til oppgåve. I Gaupne barnehage er det difor berre barna på raud avdeling som tek med matpakke. Barnehagane syt for frukt og mjølk.

Det er trygt for barn å koma i barnehagen
Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har i samarbeid utarbeidd ei rettleiing for opning av barnehagane i Noreg. Den nasjonale rettleiinga er tydeleg på korleis barnehagane kan førebyggja smitte. I barnehagen vil me vera særskild opptekne av å:

  • vaska hender og og følgja opp barna slik at dei lærer gode rutinar for handvask
  • ha godt reinhald i barnehagen
  • vaska leiker jamnleg
  • vera ekstra mykje ute med barna i tida frametter
  • ha mindre grupper av barn som er saman med fast tilsette

Dersom barnet ditt ikkje kjenner seg bra
Har barnet ditt symptom på sjukdom, også milde symptom, skal de ikkje møta i barnehagen. Det er ekstra viktig no at barna er heime i minst eitt døgn etter at dei har vorte symptomfrie. Foreldre som har luftvegssymptom, skal ikkje følgja eller henta barn i barnehagen. Har foreldre eller nokon andre i husstanden fått påvist sjukdom med koronavirus, skal de heller ikkje møta i barnehagen. Dersom barnet ditt vert dårleg i barnehagen, må de henta barnet så fort det let seg gjera.

Velkomen til barnehagen – dei tilsette gler seg til å vera saman med barna igjen!

 

Nyttige lenker om opning av barnehagane

Rettleiing om smittevern i barnehagen (Folkehelseinstituttet og Udir)

Spørsmål og svar om gradvis opning av barnehagar og skular (regjeringen.no)

Spørsmål og svar om rettleiaren for smittevern i barnehagen (regjeringen.no)

 

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane - engelsk

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane – arabisk

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane - somali

Informasjon til foreldre om opning av barnehagane – polsk