Skulen (1.-4. trinn) og SFO opnar måndag 27. april i samsvar med råd frå styresmaktene. Samla opningstid i SFO og 1.-4. trinn vert 08.00 – 15.30 første veka skulen opnar. Den reduserte opningstida i SFO er for betre å kunne handtera råda i smittevern-rettleiaren frå styresmaktene og for å kunne ha ei forsvarleg bemanning. I slutten av neste veke vil det gjerast ei vurdering av om den reduserte opningstida skal halda fram eller ikkje. 

I særskilde høve (barn av foreldre med kritisk samfunnsfunksjon og barn med særskilde behov) vil det gjerast unnatak frå kjernetida på 7,5 timar.  Dette kan til dømes gjelda føresette i helse og omsorgsektoren eller andre samfunnskritiske yrke. Her må det vera god dialog mellom skulen og dei føresette om praktiske løysingar. Dei vanlege kriteria gjeld:

  • barnet ska vera under 12 år
  • det er tilstrekkeleg at ein føresett arbeider i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod
  • det finst ikkje andre mulegheiter for barnepass
  • arbeidsgjevar må på førespurnad kunne stadfesta at føresette er personell i kritisk samfunnsfunksjon og/eller har verksemdkritisk oppgåve

Elevar på 5. trinn og oppover som har hatt eit skuletilbod grunna føresette i samfunnskritisk funksjon eller særlege behov, vil framleis få dette tilbodet.

Det er trygt for born å gå på skulen

Før skulane blei stengde i Noreg blei det ikkje registrert noko kjent smittespreiing blant born i barnehagar og barneskular. Samanlikna med vaksne er få born identifiserte som smitta i Noreg og verda elles. Born og unge har så langt vist seg å ha svært låg risiko for å få alvorleg sjukdom med koronavirus. Risikoen er lågare enn for andre luftvegssjukdomar, som til dømes influensa.

I perioden framover er me ekstra nøye med å trygge godt smittevern. Dette avheng av at me alle gjer ein innsats og følgjer dei nye råda for smittevern. På skulen vil me vera spesielt opptekne av å:

• vaska hender og læra elevane gode rutinar for handvask
• ha godt reinhald
• vaska utstyr jamleg, til dømes tastatur
• vera ekstra mykje ute med elevane, også i vanlege skuletimar og SFO
• ha undervising og samlingar i mindre grupper
• halda god avstand til kvarandre

Film frå Utdanningsdirektoratet – Nå åpner skolen igjen!
 

Nå åpner skolen igjen! from Utdanningsdirektoratet on Vimeo.

Følg dei generelle smittevernsråda

Skulane har førebudd opninga godt og planlagt nøye utifrå føringane kommunen har fått frå Utdanningsdirektoratet. Sjølv om barnehagane, SFO og skulane no gradvis vert opna igjen, er det viktig at me alle held fram med å følgja dei generelle råda om smittevernstiltak som gjeld alle: god hand- og hostehygiene, prøva å unngå å ta seg
i andletet, avgrensa talet personar ein har kontakt med og får besøk av, til nokre få om om gongen, friske barn kan vera saman både ute og inne, men i små grupper.
Smittepresset er lågt både i vår kommune og i vår region, og slik ønskjer me naturlegvis at det også skal vera frametter.


Reglar for undervisning av eigne barn

Hovudregelen er at alle barn og unge som oppheld seg i Noreg har rett og plikt til grunnskuleopplæring. 

Regelverket gjer det mogleg for føresette å ta barna ut av skulen og undervise eigne barn heime. Det er foreldra som då har ansvaret for å gje barna opplæring, tilsvarende opplæringa i skulen. Dersom føresette vel heimeundervisning, er det viktig at dei er klar over at barnet ikkje lenger er ein del av den offentlege grunnskuleopplæringa, og at dei blir fråtekne ein del rettar etter opplæringslova. Blant anna har barn ikkje rett til spesialundervisning eller standpunktkarakterer.


Me vil understreka at det beste for barna er å gå på skulen, så lenge dei eller familien ikkje er i ei risikogruppe for å få alvorleg sjukdom av koronaviruset. For barn som ikkje er i risikogruppa, er det trygt å gå på skulen.

Dersom foreldra likevel vel å halda barna heime, kan de ikkje forventa at skulen lagar eigne opplegg for elevane. Føresette som vel ikkje å senda barna på skulen, må sjølv oppfylla opplæringsplikta.

 

Lenke til informasjonsskriv

Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (engelsk)
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (arabisk)
Informasjon til foreldre med barn i skulen - Utdanningsdirektoratet (polsk)
Informasjon om skuleskyss – Vestland fylkeskommune
Rettleiar om smittevern barneskule - Utdanningsdirektoratet
Nasjonal koronarettleiar for skulane