A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppdatert info om tilbod ved skulen

Tilsette i barnehagar og tilsette på 1. – 4. trinn i skulen er frå 13. april 2020 rekna som viktig personell i handteringa av koronakrisen. Personell i desse verksemdene kan få tilbod om barnehage- og skuleplass.


Føringar for å få tilbod jf. regjeringen.no 13. april
Av omsyn til smittevern er terskelen for å få slikt tilbod høgt. Det er to moglegheiter for å få eit tilbod:

  1. Føresette har kritisk samfunnsfunksjon
  2. Føresette har andre verksemdkritiske oppgåver (til dømes reparera teknisk utstyr på sjukehus)


 

For både punkt 1 og 2 gjeld desse vilkåra:

  •          det er nøkkelpersonell innafor dei samfunnskritiske funksjonane som er omfatta, og ikkje funksjonar som generelt kan vera viktige utan å vera samfunnskritiske
  •          det vert lagt til grunn ei restriktiv linje der det vert om oppfordra til deling av barnepass mellom føresette
  •          bruk av andre slektningar og andre til barnepass kan ved behov vurderast, men eldre og andre personar i risikogrupper bør ikkje brukast
  •          barna skal vera under 12 år og det er tilstrekkeleg at ein føresett arbeidar i kritisk samfunnsfunksjon for å få tilbod. Der barnet ikkje bur saman med begge foreldra/føresette, men kor den eine føresette er i samfunnskritisk funksjon kan det også gjevast tilbod om plass 

 

Kritisk samfunnsfunksjon

  • Forsvar
  • Lov og orden
  • Helse og omsorg
  • Redningsteneste
  • IKT-tryggleik i sivil sektor
  • Natur og miljø
  • Forsyningstryggleik
  • Vatn og avløp
  • Finansielle tenester
  • Kraftforsyning
  • Elektroniske kommunikasjonstenester
  • Transport
  • Satellittbaserte tenester
  • Apoteka
  • Tilsette i barnehage og tilsette i skule 1.-4. trinn
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS