Som de ser ute er ikkje vatningsbehovet så stort lenger…, Luster kommune vel difor å oppheve forbodet mot utevatning med slange/vasspreidar. Dette gjeld for alle kommunale vassverk. Takk for at de har vist omsyn, me ber likevel alle abonnentar om å vise måtehold med forbruket slik at alle abonnentar, òg i høgareliggande område/endeleidning får godt vasstrykk til sine eigedomar. Opphevinga gjeld ikkje jordbruksvatning med kommunalt vatn. Dette er framleis forbode.