Ny båtplass Gaupnegrandane.JPGGaupne får no betre tilkomst til elv og fjord ved at det i samsvar med kommuneplan vert etablert eit friområde langs Engjadalselva. Gammal sandvolleyballbane med vollar rundt er planert og mykje krattskog er fjerna. Vegen som går langs elva vert gangveg. Ny bilveg gjennom området er etablert. Det er avsett eit område for vinterlagring av båtar på begge sider av den nye vegen og Luster kommune held no på å sluttføre ryddinga på det området der det skal vere lagerplass for båtar.

Utfordringa er at det no er mange hengarar og båtar i området som ikkje er merka med namn og som kanskje ikkje er i bruk lenger. Det vert innført krav om at alle hengarar som skal stå her i framtida MÅ merkast med namn. Det same gjeld båtar som ikkje står på hengar. Båthengarar og båtar som innan 1. oktober i år ikkje er merka med namn vil bli fjerna. Området skal ikkje nyttast til bilhengarar. Dersom desse ikkje er fjerna innan 1. oktober vil dei verta fjerna av Luster kommune.  Luster kommune har ikkje ansvar for noko av det som står lagra på området eller som vert fjerna grunna manglande merking. Det er ikkje høve til å søke erstatning for umerka utstyr som vert fjerna etter 1. oktober.Gaupnegrandane.JPG