A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
vinter2[1]

Oppsummering frå veke 1

Godt nyttår alle saman!

Då er i me i gang att etter jule- og nyttårsferien. Utandørs har det vore kaldt og flott vintervèr trass snømangelen. Viktig at alle har gode og varme kle og sko. Fleire av klassane har vore på  turar rundt i bygda  i vintersola. Elevane er og flinke til å vere i aktivitet i friminutta, og fotballbana har td vore full av elevar som har sparka fotball.

Ungdomssteget hadde torsdag sitt årlege nyttårsball. Flotte ungdomar stilte på ball, og hadde ein kjekk kveld saman. Me satsar på å få lagt ut eiga sak om dette over helga.

Kulden gjer at isen har lagt seg på Hafslovatnet, og det er mange som no er ivrige etter å komme seg utpå isen. Skulen gjer ei vurdering i helga, og "opnar" isen på tilvist område måndag om den vert vurdert som trygg nok.

Ha ei gode helg!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS