A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 40, og god haustferie!

1. klasse var denne veka tilbake i Gamlestova barnehage på besøk. Kjekt å komme tilbake til barnehagen som skuleelevar.  Fredag fekk 1. klasse vitjing frå Politiet, dei delte ut nye og flotte refleksvestar til elevane. Desse vestane MÅ nyttast til/frå skulen og ellers utover hausten og vinteren. Vestane er sponsa av bedrifter i kommunen. Me takkar for vestane, og lovar at dei skal nyttast. 3. klasse har byrja symjinga i Lustrabadet, alltid kjekt og sosialt. Dei  har ellers tova små fargerike eple i ull, desse fekk dei med seg heim, så dei kan lyse opp i heimane i haustmørkret. Så har dei øvd  på kulturøkta første tysdag etter haustferien. Masse song, rytmeinstrument og dans denne gongen. 7. klasse hadde kulturøkt i dag, dei synte oss mykje spennande, blant anna "Grevinna og hovmeistaren", det var gåter, quizar mm. Flinke og scenevante elevar me har. I valfag for ungdomssteget har dei blant anna vore på sykkeltur i "skog og mark" i friluftsliv, medan dei i design jobbar med emballasje og logoar.

Me ynskjer med dette alle ein god og velfortjent haustferie!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS