A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 42

Etter ein velfortent haustferie, var me måndag i gang att. Sommarklea er no bytt ut med varmare kle og utstyr. Me satsar på mykje uteaktivitet utover hausten og vinteren. Det er kjekt å sjå den gode aktiviteten elevane har ute i friminutta. Viktig her at alle elevane vert invitert og inkludert i aktivitetane. Det vert no etterkvart mørkt når elevane kjem til skulen, det er dermed vitkig å bruke refleks på skulevegen.

1. klasse har denne veka jobba med bokstaven E. Bokstaven er mykje brukt, så den er god å kunne. 3. klasse hadde kulturøkt tysdag, dei synte oss mykje av det dei har jobba med i haust. Kjempeflinke til å syne fram.

Denne veka har 4b saman med 4a og 5. klasse vore med på den store refleksjakta. Målet var å finne igjen så mange refleksar som mogleg. Elevane har no fått i oppgåve å feste refleksane dei har funne på jakkar dei har heime.  Elevane i 4B har til dømes  funne tilsaman 561 refleksar, så refleksar er det nok av rundt om. Godt jobba.

Begge 6. klassane jobbar no med "Avis i skulen", og etterkvart vil dei lage si eiga avis. Me gledar oss til å sjå og lese i avisa. Det er moro å sjå ungdomsskulelevane i valfaga, motivasjon og lærelysta er stor. Valfaggjengen i "Design og redesign" var denne veka på Lerum sitt anlegg på Kaupanger. Dei har i haust jobba med emballasje og logo, noko dei fekk sjå og oppleve hjå Lerum på ein god måte.

Denne veka er det komne studentar til skulen, 7. klasse har fire studentar i 3 veker, 10. klasse har to studentar i 2 veker, og neste veke får me fire studentar i 9. klasse.

Underteikna hadde torsdag gleda av å sjå to fotballkampar på kveldstid på den nye kunstgrasbana. Utruleg kjekt å sjå den gode aktiviteten og oppslutnaden frå born og foreldre. Det er viktig å vere med med på fritidsaktivitetar for borna, og at foreldre føl opp. Det gir ein ekstra motivasjon for alle. Me som skule haustar gode gevinstar av dette. Minner og om at ALLE har eit ansvar for å ta vare på skuleområdet på fritida og. Det er mange som nyttar seg av området, og me må halde god orden, og ta vare på det.

Ha ei gode helg!

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS