A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering frå veke 49

Her er oppsummeringa frå veke 49.

7
1

Ei veke med ein del kulturelle økter, og starten på adventstida. Tysdag var det fellessamling der 2. og 7. klasse hadde ansvar for underhaldningsdelen, det var tenning av 1. adventslys, song, dans og skodespel. Seinare på dagen var det Olav Stedje-konsert(sjå eiga sak). Onsdag hadde 1. klasse kulturøkt for småskulen, dei synte oss både song, klappeleik, rim og rytme. Elevane er svært flinke i å opptre, og få fram kva dei har jobba med.

Tysdag fekk me og mykje snø, det gav fin leik ute, det vart nygd snømenn, figurar og borger . Snøen og "byggeprosjekta" er diverre no smelta vekk............ 

Mykje av tida i 1.-7. klasse har denne veka gått med til øving og førebuing til Julefesten som er tysdag 9. desember. Eit rikhaldig program skal øvast inn, og logistikken med elevar opp og ned frå scena skal på plass. Me ser fram til ein flott fest.

6. klassane har vore på vitjing i Hafslo kyrkje, der dei har vandra rundt i bygget, vorte kjende med historien, rominndelinga i kyrkja med meir.

Som nemnt før så har ungdomssteget mange prøvar i denne perioden. Me oppmodar om god førebuing, slik at ein får synt fram det ein kan.

 

Ha ei gode helg!

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS