A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering veke 34

Då er den fyrste skuleveka over. Veka har våre prega av å komme igang att etter sommarferien. Våre nye 1. klassingar ser ut til å trivast godt, og dei er komne godt i gang. Mellomsteget har vore på ein flott tur til Olavskjelda, turen vart krydra med mykje god lokalhistorie.

5. klasse er med i ASK(fysisk akt)-prosjektet til Høgskulen, og dei har denne veka vore på testing. Eit spennande prosjekt som me er glade for å vere ein del av.

Me har fått teke i bruk den nye og flotte kunstgrasbana. Bana skapar mykje god og flott aktivitet for elevane og innbyggarane på Hafslo.

Komande veke startar me med foreldremøte, og me ynskjer god deltaking og aktive møte!

Rune Melheim skal frå og med veke 35 ut i permisjon. Han skal ha permisjon fram til 31.12.2015. Rune har gjort ein flott jobb ved skulen i mange år. Takk for innsatsen Rune, og lukke til med permisjon, jobb og livet i Rosendal!

 

Kjell E

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS