A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering veke 35

Ei ny flott og aktiv veke på Hafslo. Småskulesteget hadde måndag aktivitetsdag, dei hadde mange ulike aktivitetar ute. Aktiviteten og trivselen såg ut til å vere god.

Mellomsteget er komne i gang med  aldersblanda grupper, mykje variert og god undervisning på tvers av alder og fag. Denne forma for undervisning er fantastisk, god variasjon mellom teori og praksis gir god opplæring

9. klassen var denne veka på bretur til Nigardsbreen. Mange av elevane gikk oppå breen, og fekk med seg fantastiske opplevingar og minner for livet.

Komande helg arrangerar 10. klasse den årlege Fiskefestivalen på Hafslo. Me håpar og trur mange er klare med fiskestengene sine, og at ein får drege opp mykje aure. Vert spennande å sjå om «Hafslobesten» bit på kroken.

Torsdag vart kunstgrasbana offisielt opna, eit fantastisk anlegg som skulen vil dra nytte av i frileiken, og i undervisninga. Takk til alle bidragsytarar som har fått i stand bana.

Foreldremøta er i gang, og det har vore godt oppmøte og aktive møte. Det er fleire foreldremøte komande veke og, og me oppmodar framleis om god oppslutnad og aktive møtedeltakarar. 

God helg!

HAFSLO
HAFSLO
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS