A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering, veke 36

Det flotte haustveret held fram, noko som gjer at me framleis er mykje ute. All kroppsøving td er vorte gjennomført ute.

Etter 3 veker på skulen etter ferien er me godt i gang.  Me opplever god trivsel hjå elevane. Elevane skal no vere komne innatt i  gode arbeidsvanar for skulearbeid, både på skulen og heime, dette er heilt avgjerande for vidare utvikling til kvar einskild elev. Det er viktig med god og konstruktiv dialog mellom skule og heim vedr dette.

SFO`en er komne godt i gang, innkøyringa av 1. klassingane har gått fint. Frileik ute har vore prioritert dei fyrste vekene.  

1. klasse har vore saman med fadderane sine i 6. klasse på fysisk aktivitet. Nyttig og kjekt for alle involverte. Stor stas for ein 1. klassing å få vere saman med ein 6. klassing. 2. klasse avslutta veka med ein "Super gulltime". Belønningstime for god innsats og fin åtferd. 3. og 4. klasse har hatt orientering, kart og terreng stemte som vanleg.

Mellomsteget har denne veka blant anna sett garn i Hafslovatnet, og 18 flotte aurar vart fangsten. Så det er nok fleire der som har lært og opplevd sløying av fisk mm denne veka.

De var stor stas då me tysdag fekk vitjing av Sogndalsspelarar, dei delte ut billettar til SIL - Aalesund den 14. september, og elevane våre fekk høve til  snakke og verte kjent med dei.

10. klasse arrangerte sist søndag Fiskefestival, noko som var særs vellukka. Komande søndag reiser dei til Polen. På turen vil dei få oppleve mykje, og me gledar oss til å høyre frå dei under turen, og når dei er attende. God tur alle saman!

 

Ha ei gode helg!

 

Kjell

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS