A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
GÅ TIL SKULEN2_2688x1520

Oppsummering, veke 39

Då er haustveret definitivt på plass, ruskevèr ute, gir gode arbeidsforhold inne. For oss tilsette er det flott med ruskevèr, for då jobbar elevane ekstra godt.

Nok ei veke med god aktivitet, torsdag gjennomførte me Miljøagentane sin «Gå til skulen-aksjon». Alle elevane og tilsette gikk heile eller delar av skulevegen til skulen. Når dei kom til skulen fekk dei frukt. Miljøvennleg, sunt og sosialt!

1.klasse har starta arbeid med å lage haustlykter, spennande prosjekt som me gler oss til å sjå resultata av. 2. klasse har hatt FORUT-arbeid, blant anna med FORUT-songar. Måndag hadde me kulturøkt, der 4. klasse synte oss noko av det dei har jobba med så langt i år.

5. klasse har i kroppsøvinga fått kjennskap til, og prøvd intervalltrening. Ein god treningsmåte for å få betre kondisjon. 6. klasse har jobba med lokalavis, kva som står i avisa frå vår kommune, med fokus på politiske saker. 7. klasse har lært om internasjonalt samarbeid, og skal no kunne noko om Raude kors, EU, EØS mm.

8. og 9. klasse har gjennomført nasjonale prøvar i rekning, 8. klasse har og leseprosjekt, der dei kvar dag har lange leseøkter. 9. klasse har og jobba med film, der dei blant anna har hatt fokus på å kjenne att, samtale om og vurdere verkemiddel i film, samt å bruke digitale redigeringsprogram.

Som de ser, skulekvardagen på Hafslo barne- og ungdomsskule er innhaldsrik og variert.

Ha ei gode helg!


 

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS