A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppsummering, veke 48

Tida flyg, og adventstida er like rundt hjørna. Her er oppsummeringa frå veke 48.

2
TomIdar1
TomIdar2

1. klasse starta denne veka så smått med skriving på data, dei skreiv namna sine, og ord dei kan.  2. klasse har vore på eit kjekt  gards- og fjøsbesøk hjå ein av elevane i klasse.  Kjekt med dyr.

5. klasse har og vore på gards- og fjøsbesøk, dei fekk sjå på paring av sau! Bonde Tom Idar Kvam fortalde, og elevane hadde mange spørsmål som dei fekk svar på om sauen og garden. Hunden Lego viste oss korleis den kunne jaga sauene med god kommando frå Tom Idar. Eit kjekt og lærerikt besøk. Klassen skal attende der  i april når lamma kjem.

Øvingar til julefest og diverse arrangement pågår no for fullt. Elevane øver seg på song, skodespel mm. 

SFO hadde torsdag ein flott foreldrekaffi. Mange foreldre stilte opp, og borna synte ivrig fram arbeid dei har jobba med på SFO.

Me registrerar ein del køyring ned mot skulen i samband med levering av elevar om morgonen. På den tida er det mange elevar gåande på veg til skulen, no er det mørkt og glatt. Dette gjer at me ber om varsemd, og at ein gjerne set av elevane ved «Billaget». Då unngår me evt uhell, «trafikkaos» og alle elevane får seg litt frisk luft før skulen startar.

No er advents- og førjulstida her. I samband med det så vil det vere  ein del juleaktivitet på skulen. Me ynskjer  å ha ei roleg og god advents tid på skulen.  Aktivitetskalendaren her på heimesida skal vere godt oppdatert på kva som skjer av julearrangement.

Me ynskjer dykk ei god helg, og ei fin adventstid!

 

Kjell

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS