A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppvekstsenter frå 1.aug 2012

Frå 1.august 2012 er Jostedal barnehage, Jostedal skule og sfo samla i Jostedal Oppvekstsenter. Me held til i dei same lokala som tidlegare, men har felles leiing og samarbeider tett.

Barnehagen har frå hausten 20 ungar, og har utvida avdeling tre dagar i veka (måndag, tysdag og torsdag). Skulen har 26 elevar, og vil vere tredelt som tidlegare (1.-3.trinn i ei klasse, 4.-5.trinn i ei klasse og 6.-7.trinn i ei klasse). 11 elevar har sfo.

Det er to førskulelærarar og fire assistentar som jobbar i barnehagen, sju lærarar på skulen, og ein skuleassistent som òg har sfo og jobbar i barnehagen. Totalt er det 14 tilsette i tillegg til to reinhaldarar og ein vaktmeistar.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS