A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppvekstsenteret gratulerer

På fredag 19.sept fekk Stine den glade tilbakemelding om at ho hadde bestått fagprøven

Etter to år i læra på oppvekstsenteret var det på tide å vise kva Stine har lært. Ho har studert barne- og ungdomsarbeidar ved Luster vidaregåande skule i to år før ho vidare to læretida si på Indre Hafslo. Gjennom desse to åra så har ho vore i barnehagen, i skulen og to månader ved ungdomsskulen på Hafslo. I tillegg var ho så heldig å få bruke to månader av læretida si i Estland. Der jobba ho i barnehage og i løpet av perioden fekk ho sjå på ulikheitane i to barnehagane. Det var store sosiale og økonomiske forskjellar på dei to plassane ho var i og ho kom heim med inntrykket at det er betre på indrebøgdi.

I fagprøven hennar fekk ho tema: Fysisk aktivitet og friluftsliv. Dette passa godt inn i vår kvardag der fysisk aktivitet og friluftsliv er blitt sett meir og meir fokus på gjennom t.d. som ein del av satsingsområda våre.

Fagprøven gjekk over tre dagar der dag 1 var planlegging, dag 2 var gjennomføring og dag 3 var evaluering. Til tross for at ho var nervøs så presterte ho godt og fekk den glade beskjed om at ho no kunne titteluera seg som barne- og ungdomsarbeidar.

 

Me på oppvekstsenteret er stolte og glade for at Stine no har vel gjennomført læretida og fagprøven og ynskjer ho masse lukke til vidare.

 

Her er nokre bileter frå fagprøven og resultatet i form av plakat som viser aktivitetane.

Stine og tinga dei har samla.jpg                        Stine og nokre av ungane i skogen.jpg                            Stine og Bruseungane.jpg       Dokumentasjon av fagprøve.JPG

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS